Klar for kyrkjekonsert laurdag

Brandølingen og pianisten Olav Egge Brandal - og songar Jørgen Magnus Haslum - har konsert i Volda kyrkje førstkomande laurdag

Pianisten Olav Egge Brandal frå Brandal speler konsert i Volda kyrkje saman med songar Jørgen Magnus Haslum førstkomande laurdag føremiddag.  Foto: Pressefoto.

Kultur

Fyrstkomande laurdag føremiddag vert det 12-konsert med pianist Olav Egge Brandal og songar Jørgen Magnus Haslum i Volda kyrkje. Egge Brandal og Haslum er ein duo som har samarbeidd tett dei siste åra. Det skriv Nynorsk Kultursentrum i ei pressemelding torsdag.