Jazzdronninga gjesta Sjøborg

Det svinga då 84 år gamle Karin Krog gjesta Sjøborg kulturhus torsdag kveld - 35 år sidan ho sist var i Ulsteinvik for å halde konsert, saman med Con Moto.

Jazzdronninga: Karin Krog stod på scena på Sjøborg kulturhus torsdag kveld. Ho hadde med seg musikarane Steffan William Olsson på gitar og Terje Gewelt på kontrabass.  Foto: Svein Eiksund.

Kultur

I november 1986 hadde Karin Krog med seg John Surman og pianisten Bengt Hallberg til Ulsteinvik - då dei spelte konsert saman med koret Con Moto. Frode Sollid frå Ulstein Storband var med som bassist. Det kan dirigent Svein Eiksund fortelje.