Prisvinnande fotografar:

Prisdryss over Dimna og Hjørungavåg

Fotografane Cecilie Hatløy, Victoria Rinde og Camilla Nanseth gjorde det alle tre sylskarpt i den nasjonale konkurransen for profesjonelle fotografar.

Hjørungavåg: Camilla Nanseth og Victoria Rinde held begge til i Hjørungavåg, men føler ikkje at dei tar kundar frå kvarandre. Dei har begge meir enn nok å gjere. Cecilie Hatløy kunne ikkje vere til stade.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide.

Kultur

31. mai vart vinnarane av årets Landskonkurranse i regi av Norges Fotografforbund offentleggjort. Landskonkurransen er Noregs største konkurranse for profesjonelle fotografar. 190 fotografar deltok med over 1400 bilete.