Dette fotoet er truleg frå 1969, og fotografen er truleg Asbjørn Ulstein. Buda vi ser i venstre bildekant er Foreiningsbuda, som vart bygd i 1872-73. I dag står denne buda og lyser gult ved sida av restauranten Malun. Buda i midten vart bygd i 1882, og eigar var Husla-Rasmus (Rasmus Ulfstein). Ho vart også kalla Egil-buda og seinare Skeidebuda. I 1976 vart ho flytta til Bø i Herøy. Til høgre ser vi Johannessen-/Spigenbuda, som vart bygd rundt 1907, og som i dag hyser restauranten Malun. Ute på Store Vikholmen kan vi sjå at jonsokbålet er lødd opp, og det gir oss ein peikepinn om at bildet er teke på forsommaren. Det er Svein Lidvar Brandal som har hjelpt til med opplysningane, og han kan også fortelje at båten vi kan skimte overbygget på ute på Ulstein Mek. Verksted er «Canis», UMV bnr. 53, som vart levert i 1969. Det er imponerande alt den mannen veit! ANNE GRY EILERTSEN

Gamle buer i Sjøgata