Jonsok i Joakimbakken

Kultur

Dagens foto er truleg frå 1951, ei tid då born og ungdomar pynta løene i grannelaget i vekesvis for å kunne feire jonsok på anstendig vis. På veggar og bjelkar hang lenker laga av kreppapir, og på dei oppsette langborda var det pynta med markblomster. Brus og bokstavkjeks stod ofte på menyen, akkompagnert av den krydrande lukta av høy.