Inviterer til sommarkonsert på Flø

Kultur

– Finare stad å ha konsert på enn ute og på Flø, med storhavet som kulisse, er ikkje mogleg å oppdrive, heiter det i ei pressemelding frå Holy Ghost Band som torsdag inviterer til utekonsert ved Flø Feriesenter.

Flø Feriesenter vert arena for utekonserten med Hol Ghost Band og vokalensemblet Neon Vokal..  Foto: Pressefoto

Holy Ghost Band deltek på konserten saman med vokalgruppa Neon Vokal.

– Neon Vokal er eit vokalensemble som representerer det allsidige med nytenking og stemmeleik på høgt musikalsk nivå. Repertoaret spenner vidt mellom jazz, pop, soul, folkemusikk og klassisk. Mykje vert framført a cappella. Neon Vokal består av unge, dedikerte songarar frå Lillestrøm og omland, og kunstnerisk leiar er Ingrid A. Danbolt. Dei er på turné på Sunnmøre og har i desse dagar bl.a. vore i studio på Giske, vert det opplyst i pressemeldinga.

Neon Vokal kjem frå Lillestrøm-området og er i desse dagar på turne på Sunnmøre. 

Her går det også fram at Holy Ghost Band i vinter og vår har produsert eigne låtar med norske tekstar.

– Mange vil kjenne seg att i både tekstene og musikken. I tillegg til eigne låtar vil vi også framføre coverlåtar frå kjende artistar som mellom andre Randy Crawford og Beatles. det vert også felles opptreden med Neon Vokal og Holy Ghost Band, fortel Holy Ghost Band.