– Ein halvtime saman med Anders er ofte høgdepunktet i dagen min

Anders Røyseth har spelt piano i om lag ti år. Onsdag 30. juni hadde han konsert på Alvehaugen sjukeheim i Ulsteinvik.

Anders Røyseth (til høgre) saman med musikklærar Peter Demirov.  Foto: Sondre Voksøy Bringsvor

Kultur

– Eg hadde sunge litt frå før av og rundt 2010–2011 byrja eg å søke etter videoar på YouTube om korleis ein spelte diverse songar på piano. Det var der interessa for piano kom frå.