Vil gje dei Kongsberg-tilsette gode festivalopplevingar

Velferdsgruppene til Kongsberg Maritime i Ulsteinvik og Hjørungavåg vil glede dei tilsette med gode opplevingar. Samstundes gir dei ei solid handsrekning til Heimebanefest og Trebaatfestivalen.

Festivalplassen: Både Heimebanefest og Trebaatfestivalen vil i år finne sin heim på parkeringsplassen ved den no rivne "Gullblokka". Her flankerer Line Urke og Hugo Antonsen Mari Kvalsund Hansen, Jan-Ove Gjerde, Audun Eiksund og Aina Ulstein frå velferdsklubbane ved Kongsberg sine avdelingar i Ulsteinvik og Hjørungavåg.  

Kultur

– Dei hadde lyst å gjere noko for sine tilsette og ville bruke velferdspengar til å kjøpe billettar til festivalane. Det var noko som vi hoppa i stolen av, for då hadde vi ikkje bestilt artistar endå og visste ikkje heilt kva vi kunne tore å gjere, på grunn av koronatilstandane, fortel Line Urke.