[ mat ]

Makrellsalat med rømmedressing smakar sommar

MAKRELL: Makrellsalat med rømmedressing smakar sommar. Foto: Studio Dreyer- Hensley, Noregs sjømatråd. 

Kultur

Når makrellen trekk mot norskekysten veit vi at sommaren er her, for makrell er sommarfisken framfor alle. Makrell vandrar i store gigantstimar og med sine svartblå striper langs ryggen og kvit buk, skyt den i rakettfart gjennom vatnet. Makrellen er populær å fiske og kjem borti ein stim nappar det jamt og trutt!