Tampenbuda får 1 million kroner frå Kulturminnefondet

Den statlege tilskotsordninga slår på stortromma og gir prosjektet til Oskar Grimstad 1.000.000 kroner - som først og fremst skal nyttast til utskifting av taket. - Dette betyr utruleg mykje, sa ein takksam Grimstad.

Blid gjeng ved Tampenbuda: Her ser ein direktør og styremedlem i Kulturminnefondet, høvesvis Simen Bjørgen (f.v.) og Atle Hamar, saman med Oskar Grimstad, Julie Sundgot Andersen, prosjektleiar i Vekst i Hareid - og ordførar Bernt Brandal (Folkelista). Dei var alle samla ved Tampenbuda for å markere at prosjektet har fått 1 million kroner frå Kulturminnefondet.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

I august i fjor kunne Vikebladet Vestposten fortelje at Oskar Grimstad, mest kjend som forretningsdrivande og stortingspolitikar og lokalpolitikar i Hareid for Framstegspartiet gjennom ei årrekkje – hadde kjøpt den ikoniske Tampenbuda, også kalla for Donnabuda, på Hareid.