Gårsdagen

Venskap over kommunegrensa

Venskap over kommunegrensa: Ekteparet Anne og Johannes (Brage) Strand frå Ulsteinvik var gode vener med ekteparet Aasta og Fridtjof Teigene frå Hareid. Tidleg på 1940-talet sette Anne og Johs. Strand seg opp hytte på Fjelle, og påska 1948 kom Fridtjof og Aasta på hyttebesøk. Både Fridtjof og Johs. hadde stor interesse for jakt- og friluftsliv, og begge hadde opp gjennom åra fleire fuglehundar. På bildet ser vi bak frå venstre: Helen Strand Alfredsen, Fridtjof Teigene, Aasta Teigene og Hildegunn Teigene Eikrem. Framme sit Hallvard Strand og Anne Strand (fødd Bjørnevik) med hunden Ranja som hadde sitt opphav på Teigane, Hareid. I dag har både Fridtjof og Aasta, Johannes og Anne og Hallvard gått ut av tida. Men hytta Lilleborg står enno i utmarka på Fjelle, ikkje så langt frå vegen mot Hasundhornet, og er framleis i familien Strand/Alfredsen sitt eige. ANNE GRY EILERTSEN 

Kultur

Ekteparet Anne og Johannes (Brage) Strand frå Ulsteinvik var gode vener med ekteparet Aasta og Fridtjof Teigene frå Hareid.