Fekk dansebandstjerne på besøk

Endeleg konsert: Det er om lag halvanna år sidan sist ein har fått invitere til opne konsertar i vinterhagen på Hadartun, men fredag kunne Heidi Kvalsvik frå Hareid frivilligsentral endeleg opne dørene for ny konsert og denne gongen hadde ho fått Tore Halvorsen til å stå for underhaldninga.  

Kultur

Det siste halvanna året har det vore langt mellom dei kulturelle høgdepunkta i vinterhagen på Hareid sjukeheim, men fredag kunne endeleg Heidi Kvalsvik i Hareid Frivilligsentral invitere til konsert igjen og då slo ho skikkeleg på stortromma.