Ulstein kunstlag med salsutstilling:

Fantastiske tresnitt og uttrykksfull gatekunst

Tresnitt: Dei fantastisk flotte tresnitta laga av Arnfinn Mork-Stordal er blant det som er stilt ut under salsutstillinga til Ulstein kunstlag. Salsutstillinga opna torsdag kveld - og varer fram til 18. september.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

Torsdag kveld opna salsutstillinga «Fragment av forteljingar» i andre etasje på Amfi Ulsteinvik, med flotte kunstverk laga av Arnfinn Mork-Stordal og Cecilie Lid Hole. I regi av Ulstein kunstlag.