Gårsdagen:

Sydamene og Lilli (Sporstøl) Bendriss

Sydamene og Lilli: Bak frå venstre ser ein Sonja (Engen) Haukenes, Målfrid (Røyset) Topphol,  Kari Alvestad,  Valgjerd (Brekke) Bigset, Åshild (Riise) Skrede. I prikka kjole: Astrid (Lynge-Bigset) Sundnes og fremst; Lilly (Sporstøl) Bendriss.    Foto: Einar Sporstøl.

Kultur

Vi er på Ytre Hareid, øvst i Køyrevegen der nokre av sydamene ved Sporstøl Konfeksjon har trekt ut i hagen, der sjefen sjølv, Einar Sporstøl, har fotografert dei. I dag har dei fleste av kvinnene gått ut av tida, og sjølv om Kari Alvestad (ei av kvinnene på bildet) framleis er tindrande klar i hugsen, er det to av kvinnene ho ikkje har klart å identifisere.