Løfta ein regnfull haustkveld til ein kveld i særklasse

Kultur

Eigenleg hadde Sunnmøre Kammermusikkfestival tiårsjubileum i fjor, men pandemien sette ein stoppar for festivalen. Men i år vart det endeleg kammermusikkfestival igjen, og det var det tydelegvis mange som sette pris på. Det har blitt tradisjon for å halde ein konsert under festivalen på Hareid bedehus, no Hareid kyrkjelydshus. Konserten fredagskvelden var utseld, og samla ein fullsett sal.