På heimveg: Denne gjengen frå Ulsteinvik er på heimveg etter ein biltur til Fjelle i 1952. Dei har stoppa, stilt seg opp framfor bilane, og blitt fotograferte av Magnulf Ulstein. Vi ser frå venstre Rolf Skodjevåg med sonen Gunnar, Arnold Henriksen, Martin M. Ulstein og mora Aagot Ulstein. Deretter følgjer Ingrid Skodjevåg, Anne Strand, sonen Hallvard Strand og Hedvig Henriksen. Framme frå venstre sit Wencke Haakonsholm (dotter til Arnold og Hedvig Henriksen), Helen Strand Alfredsen (dotter til Anne og Johannes Strand) og Johannes Strand. Det er ein stor gjeng, men ser vi godt etter har nok flokken vore fordelt på to bilar. ANNE GRY EILERTSEN

På heimveg