FRIIDRETTSLEIKAR PÅ PÅLHAUGEN: Året er 1965. Det har vore friidrettskamp på «Åsen stadion» i Hareid sentrum mellom «Åsengjengen» og «Oppattmitlane». Guten øvst på sigerspallen er Geir Hareide (1955-). Nærast oss på pallen står Hans Flø (1953-), som fekk 2.-plass, medan nr. 3 i mørk bukse er Per-Eilert Orten (1954-). Trioen i venstre bildekant er frå v.: Øyvind Rise (1953-1983), Kjell Hallvard Pedersen (1954-1993) og Hallbjørn Brekke (1954-). Til høgre for pallen ser vi Gunnar Hareide (1958-) lengst til høgre med Odd-John Hareide (1953-2017) i kvit skjorte ved sida. Den høge og tilsynelatande litt eldre guten bak dei kan vere Gaute Hareide (1952-), og smårollingen bak sigerspallen må vere Arve Lynghjem frå Ålesund, eit søskenbarn av Geir Hareide. Pålhaugen var i si tid ein arnestad for friidretten i bygda. Ein sentral person i så måte var «Pål-Johannes» (Johannes G. Hareide (1922-2019), som var interessert i all idrett, men særleg individuelle idrettar og då i særleg grad friidrett. Premieutdelinga på Åsen stadion i 1965 er nok ei frukt av den entusiasmen han fekk poda inn i neste generasjon. Friidrettsinteressa på Hareid begynte så smått kring 1920 då brørne Eindride og Trygve Hareide kjøpte ei seniorkule. Men etter kvart tok turnsporten over. I 1930 kom Karl I. Røyset (Iver-Kalla) heim frå eksis og overtok den kula Eindride og Trygve hadde kjøpt. I tillegg skaffa han seg eit spyd. I 1935 vart Johannes G. Hareide, som då hadde begynt på tenåra, spurd av lensmann Bernhard Harkjerr om å vere med i sportsklubben «Snøgg», som skulle ha konkurranse mot «Grimstingane». Dette blir rekna som den verkelege starten på eit friidrettsmiljø på Hareid – og frå basen sin på Pålhaugane var «Pål-Johannes» ein sentral pådrivar. Han heldt seg forresten mykje i lag med Johan E. Hareide, som var den første storsprinteren i bygda. (Kjelde: særoppgåva «Skiidrett og friidrett i eit øysamfunn» av Gunnar Hareide, 1975). ANNE GRY EILERTSEN

Friidrettsleikar på Pålhaugen