Hareidsstemna:

The Voice-stjerna kjem "heim" for å halde intimkonsert

Maria Petra Brandal kjem til Hareid for å halde konsert på scena i det nye biblioteket på Hareid Helsehus - under Hareidsstemna.

Kjem til Hareid: Maria Petra Brandal (20) frå Horten har mykje slekt og vener i Hareid og Volda. Ho blei tidleg rekna for å vere ein av storfavorittane i årets The Voice på TV2 - og kapra til slutt ein knallsterk 2. plass i konkurransen. Under Hareidsstemna kjem ho for å halde konsert på biblioteket.  Foto: Arkiv/Robert Holand/ TV 2.

Kultur

– Eg gler meg veldig til å kome "heim" til Hareid igjen, seier Maria Petra Brandal – som har mor frå Hareid, til Vikebladet Vestposten.