Gårsdagen:

Gutar med energi og tiltakslyst

Gutar med mykje energi: Bak frå venstre står Arve Hareide, som flytta til Vegsund i 3.-klasse. I midten står Rune Nøringset, som i dag er busett i Fosnavåg, og til høgre står Sveinung Hestholm, som framleis er busett på Hareid. Guten som sit fremst, er Morten Nøringset, som i vaksen alder flytta til Skien. Han døydde i 1986.  Foto: Randi Nøringset.

Kultur

Det lyser energi og tiltakslyst av desse gutane som hadde barndomen sin i traktene rundt Grimstadvatnet. Fotoet er truleg frå 1966 eller -67, og det er Randi Nøringset, mor til to av gutane på bildet, som har fotografert dei.