Slo seg lause med sosakjøt og korsong

Sosakjøt stod på menyen då Ulstein pensjonistlag inviterte eldre i Ulsteinvik til fest på Vikholmen. 

Kultur

Med nydeleg sosakjøt og bløtkake til dessert, korsong og ikkje minst triveleg prat rundt borda, markerte Ulstein pensjonistlag onsdag at nedstenginga og isolasjonen som følgje av koronapandemien no var over. Borte var både einmetersregel og songforbod, men for alle tilfelle si skuld måtte dei som møtte fram til eldrefesten på Vikholmen registrere seg ved inngangen. Handspriten var dessutan aldri langt unna.