Tradisjonsrik loppemarknad er tilbake

LOPPIS: Ved Sunnmøre Folkehøgskule gjer dei seg klare til å ta i mot både lopper og etter kvart, nærare bestemt den 30. oktober, besøkande til den tradisjonsrike loppemarknaden. Der vert det både sal av lopper, mat og i tillegg vert det underhaldning og aktivitetar av ulikt slag. 

Kultur

– Etter over eit år med pandemi er vi no kjempespente på om folk framleis vil støtte opp om loppemarknaden vår og om dei framleis har brukte gjenstandar som dei vil gi oss, seier loppemarknadssjefane Ingfrid Grimstad og Beate Hopland Langnes ved Sunnmøre Folkehøgskule.