Hjelmeland: – Det blir heilt feil å kalle Tangsrud ein dritsekk

Bjarte Hjelmeland har fått ein litt spesielt forhold til Ulsteinvik etter innspelinga av Heimebane. I midten av november kjem han til Sjøborg kulturhus med framsyninga «Ja!».

Heimebane: Bjarte Hjelmeland i rolla som verftsdirektør Bjørn O. Tangsrud i Heimebane. Men sjølv om Tangsrud framstod som ganske så usympatisk, så meiner skodespelaren det blir feil å sjå på han som ein dritsekk. Hjelmeland forstår at det ikkje berre er lett å vere industrileiar. Skjermdump frå NRK 

Kultur

Bjarte Hjelmeland er ein kjent skodespelar, songar og humorist, som har gjort særs mykje. Men for mange av oss vil tolkinga hans av verftsdirektør Tangsrud i dramaserien Heimebane ha ein spesiell plass i hjartet.