Klipte bandet for den nye barneskulen

Fredag var det storstilt opningsfest for det nye barneskulebygget i Ulsteinvik - der både elevar, administrativt tilsette, kommuneleiinga og representantar frå entreprenøren var til stades.

Opningsfest: Brorparten av dei 450 elevane ved Ulsteinvik barneskule var samla til opningsfest for det nye skulebygget fredag formiddag. Etterpå vanka det is på elevane.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

Fredag var det offisiell opning av det nye skulebygget i Ulsteinvik – med song, bandklipping og flotte talar. Med både skule- og kommuneadministrasjonen, representantar frå entreprenørane og den politiske leiinga i Ulstein kommune på plass – kunne endeleg skuleelevane ved Ulsteinvik barneskule offisielt feire det nye bygget.