Klart for meir grøss og gru i Brandal

Laurdag kveld blir Brandal grendehus igjen skapt om til eit vaskeekte spøkjelseshus - for både små og store.

Skummel gjeng: Desse karakterane - og fleire andre - møter du i årets spøkjelseshus i Brandal.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Kultur

Denne gongen er spøkjelseshuset også ope for born og vaksne frå andre bygder i kommunen – men også nabokommunar. Arrangørane er difor veldig spente på kor mange som tek turen. Det er Brandal Vel og Brandal IL – med vener – som står bak arrangementet.