Endeleg fekk blandakoret halde konsert igjen:

- Dette har vi gledd oss til lenge

Dirigent Kåre Jørve og dei andre i Hemingen serverte "Gitarkameratane" i korversjon til dei frammøtte på Flø skule laurdag kveld. Ein konsert dei eigentleg skulle halde berre nokre dagar etter at Norge stengde ned i midten av mars i fjor.

Hemingen: Endeleg kunne Hemingen Blandakor halde konsert igjen. Laurdag kveld inviterte dei til konsert på Flø skule - og der serverte dei viseskattar frå dei originale "Gitarkameratane". Dirigent Kåre Jørve nærast kamera.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

Koronapandemien har sett det meste av kulturelle hendingar på pause i lang tid – også korkonsertar.