Meir enn 1.200 tok turen på loppemarknad

Trass i litt mindre sal av lopper og rjomegraut enn dei kanskje hadde håpa på – toppa likevel Sunnmøre Folkehøgskule summen dei fekk inn siste året før koronapandemien.

Godt nøgde: Nora Lindberg (t.v.) og Bettina Hermanrud er to av elevane ved Sunnmøre Folkehøgskule – og stod på gjennom fleire loppemarknadstimar laurdag for å få samla inn mest mogleg pengar til Stop Poverty-prosjektet som skulen bidreg til – i Ilula, Tanzania.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

Totalt 78.500 kroner viste botnlinja etter at kontantane og overføringane som kom inn via Vipps var talde opp.