Lokale fotografar forsynte seg grovt av premiebordet

Reportasje: "End of summer" har Per Eide kalla dette bildet som syner ei strand ved Weymouth i Sør-England i det sommarsesongen er på hell. Fotografiet vart kåra til årets beste bilde innan kategorien "Reportasje".  Foto: Per Eide

Kultur

Fotograf Per Eide frå Ulsteinvik gjekk heilt til topps og vart kåra til årets fotograf i samband med Møre og Romsdal Fotograflaug sin laugskonkurranse denne veka. Cecilie Hatløy frå Dimna og Victoria Rinde frå Hjørungavåg delte andreplassen, medan Miriam Skeide frå Skeide, som har gjort nordmøring av seg, kom på femteplass.