Jobbar på: 17 år med "Levd Liv"

Leiar i redaksjonsnemnda Aksel Hauge og redaktør Magne Grimstad jr. jobbar på trass i at begge har hatt helsemessige utfordringar dette åre, og har saman med Ulstein Historielag fått gitt ut "Levd Liv" nummer 17. 

Kultur

Like visst som at farsdag nærmar seg, like visst har det kome ei ny utgåve av "Levd Liv" frå trykkeriet. Det er i år syttande gongen at Ulstein Historielag gir ut dette årsskriftet. Mellom dei stive permane vil du finne femten ulike artiklar.