Skulekorpsa på Hareid og Bigset samla seg til felles øvingshelg

Musikantane i skulekorpsa på Hareid og Bigset hadde felles øvingshelg der det sosiale var vel så viktig som det musikalske. 

Kultur

Eit av programinnslaga under årets Bigsetmesse vert Bigset skulekorps og Hareid skulekorps si fellesframføring av stykket "Viking". Sist helg var musikantane i dei to korpsa samla til øvingshelg, men det å vere med i korps er langt meir enn det å spele.