[ mat ]

Safranbollar med appelsin-vaniljekrem

LUFTIG: ein skikkeleg god og luftig safranbolle med vaniljekrem med smak av appelsin. Foto: Mari-Lene Korsnes 

Kultur

Desember nærmar seg og lysta på gjærbakst med safran aukar. Eg er svært glad i lussekattar, men tenkjer dei får vente ei stund til. Då får ein heller eksperimentere med smakar. Denne varianten av safranbolle har ein vaniljekrem som er smakssett med appelsin inni og eit lag med sukker på toppen. Bollane er smakfulle, saftige og veldig luftige! Er du ikkje glad i sitrus kan du fint droppe appelsin-kremen og bruke vanleg vaniljekrem i staden.