Sjå bilde:

Tende julegrana i Ulsteinvik

Julegrana på rådhusplenen i Ulsteinvik blei tradisjonen tru tent første søndag i advent - og mange tok turen for å få med seg hendinga. Med flott julemusikk frå Musikklaget Ulf og gang rundt treet - kom julestemninga til dei frammøtte.

Gang rundt treet: Mange hadde tatt turen til rådhusplenen for å få med seg tenninga av julegrana i Ulsteinvik. Tradisjonen tru gjekk ein rundt treet - til musikk frå Musikklaget Ulf.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

Det var mange som trassa fleire minusgrader for å få med seg tenninga av julegrana i Ulsteinvik - ein årviss tradisjon mange vernar om. Etter ei kort innleiing ved kateket Bjørn Losvik, song Jakoba Solvang fyrst den vakre songen "Lys i mot mørketida".