Sjå "Stjerner i sikte" frå Sjøborg

Ulstein kulturskule dansar seg inn i førjula med danseforestillinga "Stjerner i sikte".

Kultur

På grunn av dei nye koronainnstrammingane måtte Ulstein kulturskule kaste seg rundt og tenkje nytt for å få gjennomført danseframsyninga "Stjerner i sikte".

Dei nye innstrammingane førte mellom anna til at det vart svært avgrensa kor mange som kan vere til stades på Sjøborg. Difor har framsyninga blitt delt opp i fem ulike bolkar.

For dei som ikkje får høve til å følgje med på framsyninga i kultursalen på Sjøborg blir framsyninga sendt her på vikebladet.no. Sendinga startar opp 16.50. Det er Fantastiske Osberget som står for produksjonen.

Slik blir "Stjerner i sikte":

17:00 Danseframsyning med melodiar frå «Nøtteknekkeren»
17:30 Danseframsyning med melodiar frå « Don Quixote»
18:00 Danseframsyning med melodiar frå «Tornerose»
18:30 Danseframsyning med melodiar frå «Mamma mia» «The greatest show» «We go together»
19:00 Danseframsyning med melodiar frå «Arabian night» «Footloose»