Takkebrevet

Berre éin månad før Tyskland 9. april 1940 invaderte Norge fekk Ingeborg Dimmen på vegner av folket i Ulstein eit takkebrev for naudhjelpa dei hadde gitt til eit krigsråka Finland. Lite visste nok ho og sambygdingane om den vanskelege tida dei sjølve skulle gå i møte.

Historisk dokument: Her er takkebrevet Ingeborg Dimmen og Finlandshjelpen Ulstein fekk frå Finlands visekonsul i Ålesund i 1940, Hjalmar Wesenberg. Brevet er datert 8. mars 1940 - berre ein månad før Nazi-Tyskland invaderte Norge.  Foto: Skann.

Kultur

I mars 1940 fekk Ingeborg Dimmen og Finlandshjelpen Ulstein eit takkebrev frå Finland sin visekonsul i Ålesund, Hjalmar Wesenberg, for pengane dei hadde sendt til det krigsherja landet.