Skisenteret vert truleg ikkje opna i romjula: – Ikkje forsvarleg for maskiner eller folk

Eirik Osborg Kvammen måka fram ei av snøkanonane 2. juledag, men det vart ikkje snøproduksjon.  Foto: Svein Aam

Kultur

Snøen lava ned julaftan og 1. juledag. Det kvite gullet la seg lett på bakken og då kom og forventningane til aktivitet ved Ørsta skisenter. 2. juledag var mannskap på plass å vurdere forholda. For dei som hadde håp om fine dagar i bakkane ved Ørsta skisenter i romjula er det dårlege nyheiter.