Med tre iranarar på laget

Kultur

Volleyballsporten forsvann frå menyen til Hareid Idrettslag om lag samtidig med at idrettshallen ved Hareid ungdomsskule vart utvida i 1993. Med full innandørshall tok handballen over den rolla volleyballen hadde hatt sidan 1978. På eit ekstra årsmøte sommaren 1995 vart volleyballgruppa avvikla.