Desse tre vann "Kvar i Hareid og Ulstein"

Tredje gongen: Bjørg Mong Korsnes frå Hareid kunne hente seg nok eit spekekjøtlår etter å ha blitt trekt ut som vinnar i bildekonkurransen «Kvar i Hareid og Ulstein» for tredje gong. Ektemannen Roger har delvis teke del i løysinga av oppgåvene, men det er Bjørg og sonen som har gjort mesteparten. 

Kultur

Då tysdag 4. januar 2022 gjekk over i historia ved midnatt, gjekk også fristen for å sende inn svar på Vikebladet Vestposten sin årlege julekonkurranse "Kvar i Hareid og Ulstein" ut. Den geografiske bildeoppgåva stod på trykk i lokalavisa sitt julenummer som kom ut på sjølvaste julaftan. Ein av dei siste som sendte inn svar før fristen var ute var Torleif Skeide frå Gardshol.