– Naturleg å feire på Vonheim

Stiftinga Rasofielgarden arrangerte laurdag ettermiddag grunnlovsjubileum, i heimen til Elan Rasofiel Rise og sonen Randulf, føregangsmenn i lokalsamfunnet i Hareid.
Kultur

– I dette jubileumsåret, når vi feirar at det er 200 år sidan Noreg fekk si grunnlov, så er det heilt naturleg å feire også her på bygdatunet Vonheim, i Rasofielgarden, seier leiar i stiftinga, Siv Marit Røyset Kaldhol.

Det er ei mektig bygning, det gamle raudmåla huset med kvite lister, som står like ovanfor Bigset skule på Hareid.

Flagget var sjølvsagt heist til topps for anledninga, og det var venta kjende gjestar til gards. Både noverande stortingsrepresentant Oskar Grimstad (FrP) og tidlegare stortingsrepresentant Marie Lovise Widnes (Sv) talte om Grunnlova, bakgrunnen for ho, og kva meining ho har for oss i dag.

Grimstad hadde med seg litt «artefaktar» frå jubileumsåret, slik det har gått føre seg på Stortinget, i form av invitasjonar og andre ting.

Widnes fortalde om dei ulike historiske hendingane kring det som skjedde før og etter Eidsvoll, krydra med litt humor.

– Viktige for lokalsamfunnet

Elan Rasofiel Rise (1844-1929) og kona Augusta Olsdotter Liavåg bygde løa og huset i høvesvis 1880 og 1881, og dei fekk 12 born saman. Eldstemann Randulf vart fødd same året som huset stod ferdig.

– Randulf var den siste som eigde huset vi no sit i, og han tok det viktige arbeidet for lokalsamfunnet som faren gjorde, vidare. Han var den fyrste kommunekasseraren i Hareid, og var ordførar i Hareid i fleire periodar etter dette. Heilt fram til krigsåra. Både Randulf og faren Elan Rasofiel var bygda sine menn i offentleg styre og stell – det meste tufta på demokrati og nasjonal fridom, fortalde Siv Marit Røyset Kaldhol til dei frammøtte. Huset blei gitt i gåve til Hareid kommune, men i dag er det stiftinga som har ansvaret.

Musikk og dikt

Både Elan Rasofiel og Randulf var interesserte i det som skjedde i samtida, i kunst, litteratur og ikkje minst song og musikk.

Difor hadde stiftinga fått tak i Ingrid Soldal Vikane, som framførde eit flott eigenkomponert dikt (som du kan lese på denne sida), og Sofie Gjerde Tonev, som strålande framførde «Mitt lille land».