På TV i kveld

Kern håpar han har laga ein hit

– Det var eigenleg i Ulsteinvik alt starta.

I kveld kan du sjå Even Kern som budde i Ulsteinvik under oppveksten sin.   Foto: (Foto: Fag-Foto Hege Mathisen)

Kultur

Førre fredag starta NRK 1 si nye fredagssatsing: The Hit. Målet er å finne landets nye låtskrivarstjerne. Fjernsynsselskapet har fått inn heile 3162 bidrag. Even Kern er ein av dei som har sendt inn. Han har sendt inn heile fjorten låtar, då han syntest alle hadde noko ved seg.

Even Kern kom flyttande til Ulsteinvik med familien sin då han var 13 år. Han budde der i åtte år. Då drog han i militæret og kom ikkje flyttande tilbake. No bur småbarnsfaren i Larvik.

Kern har halde på ei god stund med å skrive låtar. Han kjem frå ein musikkglad og -aktiv famiile. Så då han budde i Ulsteinvik var han med i både Ulsteinvik skulekorps, ULF og Ulstein Storband. Mora og fleire andre familimedlemar var også svært aktive i dette korpsmiljøet.

Så spelte Even i eit band som sprang ut frå Ulstein Storband: Toxicate. Det var eit trashband som hadde øvingar i garderoben på Samfunnshuset. Der var mellom andre Tor Erik Knutsen med, han som i dag er trommis i gruppa Plumbo. Kern skreiv ein del låtar for Toxicate. Dei gav også ut ein cd.

– Det var ikkje veldig bra. men faren min likar eine songen framleis, så noko hadde det vel for seg, kommenterer Kern.

Sidan dei gongen har han spelt i band med broren. Dei flytta til Oslo for å bli popstjerner, men det var ikkje så lett. Even har hatt ein del jobbar ved sidan av låtskrivinga og spelinga.

– Vegen har vore lang og kronglete. Men eg kom til eit punkt at eg gav opp å kunne leve av dette. Så no er eg igang med studiar. Eg har to år igjen av ingeniørstudiane, så får me sjå kva som skjer etter det, seier Even Kern.

Uansett korleis det går i kveld får låtskrivaren eksponering på fjernsynsskjermen, midt i beste sendetid, noko som er gull verd.

Stjerneprodusent Stephan Lillywhite har plukka ut seks låtar til kvart program som to artistar skal velje sine favorittar mellom, etter låtskrivarane sjølve har framført dei. I kveld er det Venke Knutson og Jørn Hoel.

– Det er utvilsamt Venke Knutson songen min passar best til, sa Kern til Nrk Vestfold.