Mange er nok spente på korleis Evy Bolseth Gjørsvik har fått det inne på Krukkehuset. Tidlegare i haust skreiv Vikebladet Vestposten om at kunstnaren busett på Valderøya leiger huset for å ha atelier og verkstad der. Det vart då sagt at Evy ville opne Krukkehuset i juledrakt før jul.

Men ting blir ikkje alltid som planlagt. Av private grunnar vurderte Evy å utsetje opninga til 13. desember, men så lot ho seg overtale av Laila Endresen (Lailas Tekstil) om å opne dørene førstkomande laurdag og ha ope i desember.

Berre kjellaren

Men Evy Bolseth Gjørsvik vel å berre opne kjellaren for folk. På loftet har ho atelier.

– Det er ein klisje, men han er like vel sann. Vegen blir til medan ein går, seier Evy.

I sommar og haust har ho drive og pussa opp huset. Ho har sett sitt eige preg på huset. Huset har no fått andre fargar enn tidlegare.

– Dette er eit godt hus å vere i, slår Evy fast.

Blir drive på hennar vis

Folk må ikkje vente at ho skal drive Krukkehuset på same vis som det har blitt drive tidlegare.

– Eg må finne mi ånd, varslar ho. Ho har ingen planar om å drive kafé. Førebels blir Evy aleine om å disponere Krukkehuset til atelier og verkstad. Huset vil ikkje vere ope året rundt. Ho opnar huset når det passar seg. No blir det i desember, så får ho sjå.

– Folk kan gjerne få seg ein kaffikopp, seier Evy som tenkjer å ha ei kanne kaffi nede i kjellaren når ho har opa utstilling. Men ho har leigt huset for å bruke det hovudsakleg til atelier. Leigeavtalen er for to år. Etter det vil dei vurdere om det er aktuelt å kjøpe huset.

Strikkekveldar eller kurs

Evy er open for at det kan bli aktuelt å opne kjellaren for strikkekveldar, eller kanskje det kan bli målekurs eller andre kurs der?

Juledrakt

No håpar Evy på godt ver under opninga laurdagen, så ho kan lage til fint ute og servere gløgg frå ei panne utanfor til alle som kjem på utstillinga. Søstrene Kari Humberset og Brit Humberset Hagen vil syngje opningsdagen.