Får eigen TV-serie

Bli kjend med Marit (6) og dyra hennar.

Barne-TV 3. februar startar den nye serien "Marit og dyra" på NRK Super. Her får vi bli betre kjende med seks år gamle Marit Krakset og dyra ho bur saman med.  Foto: NRK/Arne Stubhaug

Kultur

3. februar kan du verte betre kjend med seks år gamle Marit Krakset frå Hakallestranda. Då startar nemleg TV-serien "Marit og dyra" på NRK Super.

- TV-serien tek for seg alt frå dyrefødslar til slakting på ein realistisk måte, noko som ikkje alle har eit forhold til i dag, fortel mor til Marit, Aina Moldskred Krakset.

Ho har fått sett på opptaka og er godt nøgd med resultatet.

- Filminga er berre heilt nydeleg og serien er elles veldig flott og levande laga. Eva Westvik og Arne Stubhaug i NRK har gjort ein veldig bra jobb og har vore veldig fine å samarbeide med, seier Aina.

Det er NRK Sogn og Fjordane som står bak produksjonen.

Eva Westvik i NRK står også bak Barne-TV-serien "Klart eg kan" som gjekk på NRK for ei tid tilbake. I samband med dette laga ho ei episode med Per Moldskred frå Ulsteinvik, søskenbarnet til Marit, der opptaka vart gjort på Hakallegarden der Marit bur.

- Etter dette vart eg kontakta av Eva med tanke på å lage ein TV-serie om dyra på garden og Marit. Vi måtte vente til Marit vart litt eldre, og på vårparten i fjor tok opptaka til, fortel Aina. NRK har fulgt Marit utover sommaren og snart skal det ferdige resultatet synast fram.

Serien er på i alt åtte episoder og kvar episode fortel ei historie om livet saman med dyra.

- Vi vonar at TV-serien kan skape ringverknader for heile Vanylven. Det er ei flott kommune med vakker natur og kanskje kan TV-serien vere medverkande til Vanylven vert oppdaga av fleire, vonar Aina Moldskred Krakset.