Festivalen blir arrangert 18. -22. mars på Cinemateket i Oslo.

Årets norske program viser stor breidde i både sjanger og tematikk. 50 norske filmar var påmeldt til festivalen, av dei er 14 tekne ut.

«Ishavshanda»

I ishavet utanfor Grønland og Canada reiste fangstfolket opp med små båtar og sette livet på spel, for å kome heim med båtar fulle av selskinn og spekk. I dag er ishavsfangst ein kystkultur som er i ferd med å forsvinne og «ishavshanda» er så å seie utdøydd. Dei få fangstmennene som er igjen er rundt 80 år, og ishavshendene er blitt forma av eit langt arbeidsliv.

«Ishavshanda» er laga av  Blåst Film. Are og Sturla Pilskog har stått for regi og produsert filmen.

I januar vart filmen vist på Tromsø Internationale Filmfestival.