Vårens vakraste motoreventyr

Tradisjonen tru samla bilfrelste seg til Amcar-vårmønstring 1. mai, og i år gjekk det av stabelen ved Herøy kulturhus og Sunnmørsbadet. Her var det høg trivselsfaktor, skikkeleg bilmusikk frå høgtalarane og gromme motorlydar kvar enn ein snudde seg.
Kultur

Med ZZ Top-slagerar dundrande ut av høgtalarane, eit mylder av bilentusiastar og nypolerte panser er det ikkje til å unngå å bli fascinert. Amcar Ytre Sunnmøre har eksistert sidan 1981, men det første 1. mai-treffet gjekk av stabelen 1. mai 1984. Vårmønstringa anno 2015 vart akkurat slik ein ville ha det.

- Det har verkeleg vore godt oppmøte i år. Mange bestem seg gjerne for å komme først dagen i forvegen, men sidan vêret vart upåklageleg, så var det naturleg at så mange tok turen, seier arrangementansvarleg Ingar Hagen i Amcar Ytre Sunnmøre til Vikebladet Vestposten.

Går ein lenger inn på området, har ein klassikarane, som Ford Mustang, Chevrolet Camaro og Dodge Challenger på eine sida, og moderne versjonar av dei klassiske muskelbilane på den andre sida. Somme av bilane er meir spesielle enn andre, og somme er så sjeldne at fleire titals besøkande blir ståande og studere kvar ein minste detalj svært nøye.

Fleire hundre køyretøy

I alt 203 amerikanske bilar og lastebilar, 69 motorsyklar og 8 bilar i gjesteklassa tok turen til den store parkeringsplassen ved Herøy kulturhus og det nye flotte Sunnmørsbadet.

- Vi er på eit nytt område i år, i fjor var vi ved Ulmatec Baro på Mjølstadneset. Så det blir litt etter prøve og feile-prinsippet. Men, vi føler det har gått veldig greitt, seier Ingar Hagen.

Kåringane av beste stemnebil og andre prisar blei klare fredag ettermiddag.

Vikebladet Vestposten kjem tilbake med resultata av kåringane.