Apparatjik held intimkonsert på Flø

Bandet har medlemer frå a-ha, Coldplay og Mew.

  Foto: Apparatjik

Kultur

Apparatjik speler ein eksklusiv konsert ved kunstivalen “Go with the Flø”. Den første konserten deira var ved Club Transmediale-festivalen i Berlin 1. februar i år. Konserten på Flø blir bandet sin andre konsert.

Kunst, musikk og mote møtest i på Flø laurdag 5. juni og sundag 6. juni. Det er Studio Hugo Opdal som i samarbeid med Paul Stolper Gallery London, Moods of Norway og innbyggjarane på Flø som arrangerer kunstivalen.

Verdskjende musikarar

Gruppa Apparatjik er sett saman av Magne Furuholmen frå a-ha, Guy Berryman frå Coldplay og Jonas Bjerre frå Mew og produsenten Martin Terefe. Apparatjik har med seg sin spesialkonstruerte kube til Flø, der dei skal spele i gymsalen i den nedlagde skulen. Tidlegare i år vart bandet sin debutalbum sleppt, “We Are Here”.

Eksklusive saker

Konserten vil berre ta 130 publikummarar, noko som gjer dette til ein unik sjanse til å kome tett på bandet. På Flø lanserer bandet “The Bolshevic Box”, som inneheld ein CD, DVD og ein tolv tommars vinyl. Den handlaga boksen inneheld òg åtte trykk frå Apparatjik. Det blir berre laga 200 slike boksar.