Nynorsk kultursentrum i Ørsta:

Skal etablere og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik

Nynorsk kultursentrum i Ørsta på Sunnmøre tek frå nyttår over ansvaret for å etablere, utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger. Det er klart etter at styra i Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum samrøystes har godkjent ein avtale om samanslåing. Målet er å kunne opne Hauge-senteret hausten 2012. Det føreset løyvingar frå Kulturdepartementet, Hordaland fylkeskommune og Ulvik herad alt i 2011.

Vi er glade for at Nynorsk kultursentrum vil arbeide for å utvikle Hauge-senteret til eit tydeleg profilert og fagleg respektert litterært museum.

Torunn Hovland Ljone.
Nynorsk kultursentrum
• Nynorsk kultursentrum blei skipa i 1993 og har 21 stiftarar, mellom dei Hordaland fylkeskommune. Stiftinga eig og driv Ivar Aasen-tunet, Dei nynorske festspela og nettstadene aasentunet.no og tunkatten.no. Nynorsk kultursentrum har 11 fast tilsette og omsette for 13,7 mill. kr i 2009. • Olav H. Hauge-stiftinga blei skipa i 2000 av Ulvik herad og Hordaland fylkeskommune. Til sommaren gjer Ulvik herad ferdig det gamle heradshuset i Ulvik sentrum. Dette skal mellom anna hyse det planlagde Hauge-senteret. Stiftinga eig og driv nettstaden haugesenteret.no, og har ein prosjektmedarbeidar i engasjement ut 2010. • Nynorsk kultursentrum og Olav H. Hauge-stiftinga gjorde i mars 2010 ein intensjonsavtale om samanslåing.
Kultur

– Dette kan gjere oss til eit eineståande språk- og litteraturmuseum i Norden, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum. – Olav H. Hauge-stiftinga har god tru på og ventar seg mykje av denne samanslåinga, seier fungerande styreleiar Torunn Hovland Ljone i Hauge-stiftinga.

Avtalen er på heile 12 sider og regulerer i detalj både styring, organisering og økonomi. Om kort tid publiserer Olav H. Hauge-stiftinga ein omfattande forprosjektrapport som blir eit grunnlagsdokument for det vidare arbeidet.

Nytt museum med klar profil

– Hauge-senteret skal få ein klar profil og drive like publikumsretta og sjølvstendig som Ivar Aasen-tunet har gjort i ti år, seier Reidar Sandal. – Ved sida av å leggje grunnlaget for Språkåret 2013 blir utvikling av Hauge-senteret den viktigaste oppgåva vår dei neste åra.

– Vi er glade for at Nynorsk kultursentrum vil arbeide for å utvikle Hauge-senteret til eit tydeleg profilert og fagleg respektert litterært museum, seier Torunn Hovland Ljone.

Alt ansvar for utvikling og drift blir samla i Ørsta, men den lokale eigarskapen til Hauge-senteret blir som før. Hauge-stiftinga har dermed framleis ansvaret for det stiftinga eig. Det skal opprettast fleire fagorgan og forum ved Hauge-senteret, og her legg Nynorsk kultursentrum stor vekt på både fagkompetanse, kontinuitet og regional identitet. – For oss har lokal forankring og kontinuitet i arbeidet vore viktige omsyn, seier Ljone.

Positiv tilslutning både lokalt og nasjonalt

Både Ulvik herad og Hordaland fylkesting stilte seg i vår samrøystes positive til planen om samanslåing. Også Kulturdepartementet har stilt seg positivt. Avtalen føreset at Ulvik herad, Hordaland fylkeskommune og staten gir dei økonomiske rammevilkåra som er nødvendige for å sikre ei forsvarleg drift av Hauge-senteret utan at dette går ut over andre delar av verksemda til Nynorsk kultursentrum. Difor tek Nynorsk kultursentrum no initiativet til fleirårige avtalar med både fylkeskommunen og kommunen.

– Den faglege fellesskapen er mykje større enn den geografiske avstanden, seier Reidar Sandal. – Arbeidet med samanslåing har vore prega av gjensidig tillit og eit sterkt felles ønske om å få dette til. Det skil denne samanslåinga frå mange konfliktfylte samanslåingsprosessar i museums-Noreg det siste tiåret, meiner styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum.

Senter med internasjonale ambisjonar

Olav H. Hauge-stiftinga har i ti år arbeidd for å etablere eit Olav H. Hauge-senter i Ulvik. Planane for dette dokumentasjons- og opplevingssenteret over Hauges liv og verk er dei siste åra blitt utvikla i retning av å skape eit internasjonalt senter for lyrikk. Frå nyttår er Olav H. Hauge-senteret ei avdeling i Ny norsk kultursentrum på linje med Ivar Aasen-tunet.

I avtalen heiter det at Hauge-senteret blir ein del av Nynorsk kultursentrum ”ut frå fagfellesskap innanfor språk og litteratur uavhengig av geografisk avstand. Nynorsk kultursentrum skal bli verande ein utoverretta nasjonal institusjon med sterkt lokalt engasjement for regional utvikling, og som utviklar dialog med tilsvarande institusjonar i mange land.”