Adventskalender og julesongar frå tunkatten

Der finst nynorsk adventskalender for born, både på nett og papir.

  Foto: Monica Egeli

Kultur

Tunkatten Lurivar i Ivar Aasen-tunet er godt i gang med ordleikande juleførebuingar. No har han utvida nettsongboka si med heile 20 nynorske julesongar. I tillegg har han finsikta spørsmåla og oppgåvene til ein adventskalender på nettstaden sin, for femte året på rad.

Lurivar er veldig glad i å syngje. Såleis passa det han bra at Aasen-tunet har trykt ein adventskalander med 24 små songbøker der songutvalet består av både tradisjonelle og nye nynorske julesongar. Lurivar er ikkje snauare enn at han har gjeve plass til alle desse songane i nettsongboka si.

Adventskalenderen hans på nett er med premiar.

- Dei som klikkar seg inn på Lurivar sin adventskalender kan vinne premiar kvar dag. Og dei som er med og opnar meir enn halvparten av lukene, er med i trekkinga av ein flott bokpakke, seier formidlingsleiar Kjersti Markegård Bae i Aasen-tunet.