Jan Ove Ulstein med diktsamling om dommedag og tvisyn

Jan Ove Ulstein si siste diktsaming “I eitt no” gir seg ut for å handle om “dommedag”. Men er det også eit oppgjer med kvar enkelt sitt tvisyn?

  Foto: Synnøve Overå Hide

Kultur

Kva legg vi eigentleg i “dommedag”? Er dommedag dagen då alt går til grunne? Eller er dommedag den eine høgkulturen sin undergang i møtet med noko nytt? Eller finst der også ein dommedag i kvar enkelt liv? Ein dag for det endelege oppgjeret med tvisynet?

Våren 2010 fekk lyrikaren og teologen Jan Ove Ulstein eit innfall om å skrive ut temaet i ei diktsamling. “I eitt no” vart namnet, og som vanleg legg Ulstein dikta sine i skuffer som krev nøklar eller kodar for å kunne opne og få innsikt i. Utan slike kodar - eller nøklar - vil spørsmåla fort mangle svar.

Det eine diktargrepet er å rulle opp tekst-TV-glimt frå tre dagar i mai 2010. Desse glimta - om sexkjøparar, frisørar som nektar å style kjønnshår o.s.v. - tener til å minne oss om at tilstanden i dag kanskje ikkje er så langt borte frå den tilstanden som var i Noas dagar - då Herren fann det for godt å straffe menneska med ei syndeflod. At ting glir ut og perversjonane kjem til overflata er også tema i Oswald Spengler sitt berømte bokverk “Untergang des Abendlandes”, der han skildrar den vesterlandske høgkulturen sin fødsel, framvokster, forfall og død. Som den antikke høgkulturen skal også vår høgkultur forfalle til nyting og irreligion før undergangen kjem.

Lat oss først nyte denne Ulstein-formuleringa om dommedagsblikket:



eit andlet, eit blikk, ei røyst

på alle skjermane

i alle mobilane



alle klokkene i zero

på spranget

til neste sekund



flya i lufta står stille

toga i tunellane

køyrer inn i den blenken



der lyset skal strøyme

og tora rulle

i ljomen frå basunar



Innsiktsbolkane - som går parallelt med tekst-TV-glimta - har titlane “Noa-dagar”, “Sekundet”, “Gårsdagen”, “Pulverskyer”, “Brød.Pinse” og “Blikket”.

I “Noa-dagar” heiter det:



vatnet stig under golvet

og du merkar det

ikkje, for månen dreg og slepper taket slik

månen alltid gjer ...



Med andre ord: Vi lever som i Noas dagar, men bortforklarer lett det som er skeivt (det går seg alltids til ...). Eit apropos til dette: I Sunnmørsposten har det to dagar denne veka vore hovudoppslag om barnevern - der alkohol-liberaliseringa og enkeltindividet si sjølvrealisering blir utpeikt som hovudårsaker til det aukande talet barn som får det vanskeleg. Samtidig er det ingen ting i dag som blir så elegant og glatt alminneleggjort og bortforklart som nettopp desse faktorane ...

Medan “Sekundet” samlar forestillingsbilde om sjølve undergangssekundet, gir “Gårsdagen” glimt om forureininga sine konsekvensar. Bolktittelen kan tolkast til dei tinga som treng gjenoppretting - eller verre: ikkje let seg gjenopprette. Svarttrasten, som skulle synge “for egget og vengeslaga”, er blitt ein skapning i “røyken frå den vulkanske pipa”. Bolken blir avslutta med utropet



Herre Jesus

det er tid for å bygge no

vår tid no



“Pulverskyer”-bolken handlar om ei handlingslamma menneskeslekt som tyr til rus for å late seg døyve.

Så kjem vi til “Brød.Pinse”: Vi glir inn i hamna på ei gresk øy. Oppe i bergsida ligg Chozoviotissa-klosteret, som har vore der i over tusen år. I kyrkja “syng folket ut ei pinse” - “i ein song som nektar å halde opp” før alt er velsigna: - borna, dei gamle, kvinnene, mennene og nordlyset.

I avslutningsbolken “I blikket” les vi:



Kom

kom, berre du, kom du som elskar

det vansira andletet

syng lik eit svarthuda gospelkor

når du opnar fengselet og asyla

legg mat som bordvers i dei svoltne gapa

legg balladar i øyrene til dei døve

som den stumme stemmer i

og lar den halte danse flamingo

med autisten

du som ser på oss

på alle våre masker

som ei låg sol i kveldinga.



Denne avslutningsbolken er også eit oppgjer med tvisynet. “Berre kom”, heiter det ...MEN:



lat meg først

få ete opp maten

drikke opp vinen

elske kvinnene og få opp tårnet

eg skal bygge

ei ny forretning og ei hytte

sjekke aksjekursane og ta ut gevinsten

berre vent, litt berre

medan eg signerer ein kontrakt

på ein bustad på Kreta

og ein høgsal i paradiset.



Dette er ei Jan Ove Ulstein-spesial-bok. Du treng ein nøkkel til å låse opp skuffene med. Men har du skaffa deg den nøkkelen, kan reisa mot dommedagen gi stor og vakker innsikt.



Jan Ove Ulstein:

I EITT NO

Ura forlag, dikt