Vart teken godt i mot

Fredag heldt Alexander Rybak intimkonsert på Amfi i Ulsteinvik. Han syntest det var herleg å bli teken så godt i mot.

  Foto: Jørund Widnes Johansen

Kultur

Sjå bildeserie av konserten her.

Publikum stod spente og venta på Alexander Rybak då klokka bikka fire på Amfi i Ulsteinvik fredag. Det var både unge og gamle på konserten, men det var den yngre garde som hadde kapra dei fremste plassane.

Plutseleg høyrdest det eit jenteskrik i salen før Rybak brått kom ut or folkemengda og gjekk opp på scena til alle si store begeistring. Han starta med å snakke litt om dei tragiske hendingane på søraustlandet.

– Vi må etter kvart berre gå tilbake til å gjere det vi brukar. Sjølv reiser eg landet rundt og spelar Fairytale, avslutta han med glimt i augo.

Han opna med den svenske songen "Resan til dig", som er singelen på det nye albumet hans. Han følgde opp med Roll in The Wind før han avslutta med monsterhitten Fairytale til enorm jubel frå dei frammøtte.

Tok seg god tid

Etter intimkonserten tok han til på platesigneringa. For Rybak kom i år ut med eit nytt album på svensk, "Visa vid vindens ängar", der han har samarbeida med den svenske komponist og visesongaren Mats Paulson.

Det danna seg ein lang, kronglete kø i lokalet til Bok og Media og vidare ut i sentergangen. Rybak tok seg god tid til å helse på dei frammøtte. I heile to timar tok han bilde og signerte plater før alle var ferdige, noko som var heilt greitt for Rybak.

– Det er veldig kjekt å reise rundt og få møte Norge på denne måten, eg er verkeleg privilegert.

Ulsteinvik for andre gong

Det er ikkje første gongen Rybak er i Ulsteinvik. Sommaren for to år sidan opptredde han og Sissel Kyrkjebø på ein skipsdåp ved Ulstein Verft. Han synest det var artig å kome tilbake.

– Det er herleg at eg blir teke så godt i mot. Naturen må gjere noko med folka her, dei er så hyggjelege.

I morgon reiser han vidare til Giske og opptrer på Sommarfestivalen, som blir noko heilt anna enn ein intimkonsert i Ulsteinvik. – Eg ser veldig fram å spele på Giske, avsluttar han.

Relaterte saker: