Kong Arthur-spelet er Sande kommune sitt tusenårsprosjekt, og blir sett opp for niande gong til helga.
I spelet får vi høyre soga om Kong Arthur og “Riddarane av det runde bord”. Dei leitar etter Ringskatten, som far til Kong Arthur, Olav Ring, skal ha gøymd i Dollsteinhola på Sandsøya.
Denne delen av manuset til Arthurspelet ligg høvesvis fast, medan ein varierer oppsetningane av spelet ved å flette inn nyare konflikter og problemstillingar.
Humor
Arthurspelet er ei humoristisk oppsetning, og spelsekretær Ingunn Notøy seier til Vestlandsnytt at hendingane i Regjeringskvartalet og på Utøya ikkje har ført til endringar i programmet.
- Eg trur det kan vere fint for folk å få noko anna å tenkje på etterkvart, seier ho til Vestlandsnytt.
Språk
Språket er viktig for manusforfattarane i Kong Arthur-spelet.
- Vi legg stor vekt på språket og har krydra dette med mange gamle lokale ord og uttrykk, skriv dei i presentasjonen av spelet.
Det er Oddbjørn Hagen som er regissør og instruktør i Kong Arthur-spelet. Han lovar energisk spel med mange artige detaljar, melder Vestlandsnytt.
I år som før er det Wilhelm Støylen frå Kvamsøya som spelar Kong Arthur. Han er mellom anna kjend frå NRK sine barnetv-sendingar.
Vanskeleg transport
Tidlegare har transporten av spente speltilskodarar til Sandsøya vore ei utfordring.
Det er sett opp snøggbåt frå Ålesund laurdag føremiddag, og den same båten vil gå i trafikk mellom Sandshamn og Larsnes laurdag og søndag. I tillegg går det buss frå ferjekaia på Voksa til spelet på Sandsøya.
- Kor mange som kjem, er svært avhengig av vêret, seier spelarrangørane til Vestlandsnytt. I fjor såg 2.300 personar spelet, og ein satsar på ny rekord i år.