Snart startar ho vevstove i fjøsen heime

Linda tok sjeldan sveinebrev

Eit tre meter langt skjorterty i lin og bomull gav ulsteinkvinna Linda Hasund einaste sveinebrevet i Norge som i år er delt i ut vev. Det gir ho tittelen handvevar, eit av dei verneverdige faga.
Kultur

Dette sveinebrevet er såleis eit sjeldsyn. Men det har ikkje kome rekande på ei fjøl. I tre år med vanleg arbeidstid har ho site på gamle Bigset skule i Hareid og vove under kyndig vegleiing av Kari Indreeide Grimstad som har utdanninga si ved Statens Lærarhøgskule i Forming i Oslo, og har vore faglærar i vev i 17 år.

Ei sak er å ha vev som hobby, noko heilt anna er å ta sveinebrevet. Linda fortel at interessa for vev skriv seg frå garden heime i Hasund. Her sat tanta, Lovise Hasund, og vov både veggteppe og ullteppe. Komen i tenåra tykte Linda dette såg kjekt ut og fekk prøve seg av og til. Ho bestemte seg då for at når ho vart pensjonist, ville ho lære seg meir.

– Men for nokre år sidan måtte eg slutte i jobben eg hadde, og eg melde meg då på eit vevkurs med Kari som lærar. Det var kjekt, og då eg måtte orientere meg mot eit nytt yrke, byrja eg å undersøke korleis eg skulle ordne meg for å få sveinebrev.

Ho måtte bli lærling med lærlingkontrakt. Kari sa seg villig til å ta ho som lærling med oppfølging frå fylket. Som i andre yrke var det ei omfattande læretid. Ho måtte mellom anna gå inn i vevhistoria heilt tilbake til vikingtida. Ho måtte lære seg dei mange vevteknikkane som grindvev, billedvev, brikkevev og alle dei ulike mønstra som bragder og dreiel. Ho måtte óg veve i alle slags material, frå bobleplast til finaste lin. Linda har også vore i Sverige for å lære damaskvev, ein teknikk som krev eit spesielt utstyr som Kari ikkje har i vevstova si. Ho har også sanka plantar som ho har farga garn med og vove av.

– Eg har laga mykje desse åra, og mykje av det er selt.

Så kom dagen då ho skulle få utlevert oppgåva til sveineprøva.

– Eg var veldig spent, og vart overraska over at eg fekk ”bekledningsstoff”. Eg skulle designe 20 forskjellige skjortemodellar, for fem av desse skulle eg setje opp ein kalkyle der eg berekna stoffmengde og tidsbruken, og dermed prisen. Så skulle eg velje ein av dei fem modellane og veve nok stoff til å sy modellen. Eg valde bomullsrenning med lin som innslagstråd, ei enkel binding som gav stripet struktur. I dette arbeidet må ein óg rekne inn kor mykje arbeidet krympar når det vert teken av veven og når det vert vaska.

Ho fortel vidare at oppgåva skulle gjennomførast på seks dagar der to skulle nyttast til design og førebuingar. Då dei var omme, måtte forslaga sendast til Prøvenemnda som vert oppnemnd av fylket. Så hadde ho fire dagar på seg til veving og etterbehandling.

Ho leitar fram stoffet. Eit lekkert tynt og transparent linstoff som det tok over 30 timar å lage, altså 10 timar per meter. Nesten for fint til å sy skjorte av.

For å få til noko slikt må ein vere nøyaktig heilt frå ein set opp vevrenningane. I dette arbeidet har Linda nytta 752 renningstrådar, og kvar tråd måtte ho behandle fire gonger. Vevbreidda var 60 centimeter.

Linda fortel at ho er interessert i å halde i hevd gamle handverkstradisjonar, mellom anna syr ho i skinn. No vil ho gjere ein leveveg av dette, og har starta eiga verksemd.

– No går eg på etablerarkurs og reknar med å vere i full drift over nyttår. Eg har bygd om ein del av fjøsen til vevstove. Her vil eg veve for sal sjølvkomponerte produkt eller etter oppdrag.