Bernhoft på Sjøborg:

Ei meisterleg framsyning

Onsdag 12. oktober heldt Jarle Bernhoft konsert for full kultursal på sjøborg. Bernhoft har toppa VG-listene tidlegare i år, og også plata hans frå 2008 har ligge på 21. Plass ei stund. Heller ikkje i Ulstein veik han ein tone, og hadde ei artig overrasking til publikum.
Kultur

Multimusikaren hadde scenepersonlegdom til tusen, med humoristiske historier mellom låtane, god kontakt med publikum, og absolutt ikkje minst eit gedigent talent, teknisk og vokalmessig, som heldt seg stabilt gjennom heile konserten. Populære låtar som C’mon Talk og Stay With Me, samt ein låt dedikert til stiftelsen Streetlights, var berre nokre få av låtene han imponerte publikum med.

One-man-bandet veit heilt tydeleg kva han driv med. Teknisk feilfritt let han - via beatboksen -stemma, dei trommande handflatene og gitaren lage rytma, og stemma hans går frå det mørke litt hese, til det lyse melodiske på millisekund.

Midtvegs i konserten gjer han så noko uventa. Han dreg fram noko som liknar ei bossbøtte fylt med papirlappar, og seier at han no skal gjere noko han aldri har gjort før på ein konsert. Bøtta viser seg å innehalde lappar med nummer på, og han forklarer at han skal lodde ut ei fruktkorg som vart levert til han backstage. Den vesle musikksnutten han så leverer heiter ”loddtrekning”, og er laga og framført på staden, spontant, spesielt for Ulstein-publikumet og overraskande bra. Han får publikum til å småle og klappe nøgde i stolane sine. Den heldige vinnaren vert så annonsert, og mottek korga på scena, med beskjed frå Bernhoft sjølv: ”Ikke spis opp alt på en gang nå, du kommer til å bli helt hyper av det!”.

Etter låten Fly Away klappar publikum så hardt i hendene at artisten smilande må minne dei på at han er jo ikkje ferdig enno. Han avsluttar bøygd over keyboardet med ein roleg og harmonisk låt, og dansar seg så av scena til rytma frå beatboksen for eit ekstatisk publikum.